Arrangerer damekveld med fokus på gjenbruk og brystkreft

Torsdag 17. oktober inviterer Andre Etasje i Vågåmo til damekveld med fokus på gjenbruk og brystkreft.

Damekveld: – Vi ynskjer å skape ein større kultur for klesbytte, seier Mari Aurmo Weldingh. Saman med dei to andre drivarane av Andre Etasje inviterer dei til ein byttekveld av klede. Kari Kristin Mork Spakrud og Anne Marie Larsen Østgaard er glade for at Brystkreftforeininga Ottadalen er invitert med på kvelden.  Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

– Vi oppfordrar damene til å ta med seg fem reine og heile plagg du ikkje brukar meir, eller som vart eit feilkjøp. Når du går heim att denne kvelden har du kanskje fått med deg fem «nye» plagg, seier Mari Aurmo Weldingh.