Skigruppa og Småbarnskafeen arrangerer bruktsal i hop

Skigruppa i Vågå Idrettslag arrangerer nå sitt faste bruktsal i lag med Småbarnskafeen. Bruktsalet er i Vågåhallen fyrstkommande helg.

Bruktsal: Mari Strømstad og Ingrid Amrud oppmodar folk til å rydde kjellar og garasje og la andre få glede av sko, klede og utstyr ein treng til vinteren. I helga har Småbarnskafeen og skigruppa i Vågå Idrettslag bruktsal i Vågåhallen.   Foto: Kari Margot Odnes

Nyheiter

Av Kari Margot Odnes

– Vi håpar og trur dette blir ein vinn-vinn-situasjon for båe, seier Ingrid Amrud i skigruppa og Mari Strømstad i Småbarnskafeen.

Skigruppa i Vågå Idrettslag har arrangert bruktsal dei to siste haustane samstundes som Noregs Skiforbund, i november. Amrud fortel at det kjem mykje folk på bruktsalet, men at dei får inn lite utstyr. Dei ynskjer difor å prøve eit samarbeid med Småbarnskafeen som også arrangerer bruktsal kvar haust, samt kvar vår.

– Vi håpar på større oppslutnad ved å samle båe bruktsala samstundes, og på same stad, seier Amrud.

Ho understrekar at skigruppa sitt sal berre går føre seg på laurdag, med innlevering fredag kveld. Ho opplyser og at alle som leverer inn utstyr beheld heile salssummen sjølv, utan provisjon av noko slag. Og at dei tek inn vinterutstyr for alle aldrar.

Småbarnskafeen tek imot klede og utstyr berre for dei yngste mellom 0 og 12 år. Og dei har ope både laurdag og sundag.

– Vi gler oss til å nå teste ut Vågåhallen som lokale, og håpar det vil bli meir oversiktleg for dei som skal handle, avsluttar Strømstad.