Utspekulert svindelmetode av nettbankkundar:

Politiet åtvarar sterkt

Kjeltringar finn stadig meir utspekulerte metodar for å lure, svindle og stele.

Pass på: Kjeltringar finn stadig nye måtar å svindle på. Ver på vakt, ikkje oppgje passord eller kode.   Foto: Illustrasjonsfoto

Nyheiter

I løpet av den siste tida har politiet fått inn over 50 meldingar der nettbankkundar har vorte svindla for til saman meir enn 17 millionar kroner. Dette har ramma alle aldersgrupper, der yngste per nå er 20 år og eldste er 90 år. Politiet meiner at 200 personar er ramma.

Framgangsmåte

Alle dei fornærma har vorte kontakta av personar som gjev seg ut for å vera frå norske eller utanlandske bankar, finansinstitusjonar, tradingselskap eller liknande. Alle har oppfordra nettbankkundane om å nytte BankID til verifisering. Dei har blitt vist til noko som framstår som heimesida til banken eller selskapet. Dette er i realiteten fiktive sider, der informasjonen som blir lagt inn blir nytta til å tappe kontoen til dei fornærma. Pengane vert overført til mellommenn og vidare omsett til kryptovaluta.

Råd

Politiets nettpatrulje gjev fylgjande råd:

• Ikkje oppgje passord eller kode frå kodebrikka du nyttar til BankID til andre. Dette gjeld på telefon, via epost eller på usikre nettstader.

• Ikkje nytt BankID på nettstader du ikkje er 100% sikker på.

• Sjå etter ein hengelås i adressefeltet i nettlesaren. Dette kan vere eit teikn på at nettsida er kryptert.

• Sjekk at adressefeltet i nettlesaren (URL) ikkje inneheld mange tal, symbol og bokstavar utan meining.

• Har du mistanke om at andre kan ha nytta din BankID; sjekk nettbanken din snarast og meld eventuelt frå til banken.

– Å fylgje berre enkelte av råda er ikkje nødvendigvis nok, vurder alltid totalen. Er du i tvil er det betre å sjekke ein gong for mykje, seier politiet.

Europol

Desse råda frå Europol og Kripos kan også vere nyttige:

• Berre kjøp eller legg inn informasjon frå kjelder du stolar på.

• Tenk deg om før du samtykkjer til at betalingsinformasjon vert lagra på nettstaden.

• Bruk kredittkort ved netthandel.

• Kontroller regelmessige betalingar.

• Ta vare på kvitteringar/dokumentasjon på nettkjøp.

• Ikkje send pengar til nokon du ikkje kjenner.