Nyopning av bilverkstaden under nytt namn

Vågå Bilservice vart i juli råka av brann. Måndag var det nyopning av verkstaden og med nytt firmanamn; Mjøsbil avdeling Vågå.

Nyopning: Mjøsbil avd. Vågå opna verkstaden etter å ha vore stengt i over to månader på grunn av opprydding etter brann. Frå venstre står driftssjef Leif Arne Eriksen i Mjøsbil AS, dagleg leiar Jo Sole Runningen og marknadsjef Stina Onsum Berg frå Mjøsbil AS.   Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

Etter å ha vore stengt i to og ein halv månad, var det måndag tid for både kake og kaffe hjå tidlegare Vågå Bilservice under nyopninga av bilverkstaden i Vågå næringspark.