Kvinne henta av Luftambulansen på Besseggen

Ei kvinne som var på tur over Besseggen sundag, mista lommelykta si og bad om hjelp. Ho vart henta av Luftambulansen.

Berga ned: Luftambulansen henta ned kvinna som vart ståande i mørket på Besseggen.  Foto: arkiv

Nyheiter

Det var ved 20-tida sundag kveld at politiet fekk melding om at ei kvinne stod fast i mørket på stigen mellom Gjendesheim og Besseggen, cirka fire kilometer frå Gjendesheim.

Kvinna som var på tur over Besseggen hadde mista lommelykta si og kom seg ikkje ned.

Ho vart henta ned av Luftambulansen frå Dombås før halv ti sundag kveld.

Dermed enda sesongens siste dag i fjellet godt.