100.000 kroner til flytting

Skjåk historielag får 100.000 kroner frå Gudbrandsdalsmusea til flytting av Fel Jakup-stugu i Nordberg.

Fel Jakup-stugu: Skjåk historielag vil flytte stugu til storspelmannen.  Foto: Hans Erik Kjosbakken

Nyheiter

Stugu etter den kanskje mest kjende felespelaren frå Skjåk ligg ikkje eigna til i dag.

Tanken er å flytte stugu til ei tomt på andre sida av riksvegen, ved Bångråttjønn.