Laurdag brekar det laus i Mo'om

Laurdag 5. oktober står sauen i sentrum i Vågåmo.

Sau: Det kan bli mykje sau i mo'om laurdag.  Foto: Arve Danielsen/arkiv

Nyheiter

Øaurdag inviterer Vågå Sau og Geit til kåringssjå der det blir stilt ut ulike raser av værlam til kåring.

Elles blir det salsboder med alt frå antikk til fersk bakst. Det blir aktivitetar for ungar med blant anna tur med hest og kjerre. Det blir også høve til å smake på fårikål.

Om kvelden blir det saupøbb med levande musikk på Bokhandel’n kafé.