Hausttakk i Skjåk heile helga

Hausttakk tek til med quiz fredag kveld.

Laurdag er det stor Hausttakk-martna i Skjåkhallen.  Foto: Fjuken/arkiv

Nyheiter

Quizmasterane Olav Bruheim Kvåle og Tom Erik Solstad opnar Hausttakk med halvleie spørsmål i Skjåkhallen fredag kveld.

Laurdag er hallen arena for martna. Her kan ein få kjøpt lokalmat, husflid og mykje anna.

På fotballbana blir det gjetarhundoppvising og utanfor hallen skal det kårast værlam.

Musikk blir det òg - Skjåk spel- og dansarlag arrangerer Sjokoladekappleik.

Hausttakk tjuvstarta torsdag kveld, med foredrag av forfattaren Gudmund Moren. Les meir om det neste veke.