Blues over tregrensa for 17. gong

Blueshelga på Grotli høgfjellshotell har gjennom åra opparbeidd seg eit rykte som gjer at artistane står i kø for å spela der og publikum kjem att år etter år.

Det blir blues på Grotli i helga.  Foto: privat

Nyheiter

Blues over tregrensa vart arrangert for fyrste gong i 2003. I år blir blueshelga arrangert for 17. gong; helga 4. - 5. oktober.

– Det har vore ei eineståande reise, med musikalske godbitar som perler på ei snor, skriv arrangøren på si Facebookside.

Blues over tregrensa har fått eit solid rykte, som gjer at folk kjem att år etter år, og reiser gjerne timevis frå båe sider av fjellet for å koma til Grotli denne helga.

På dagtid laurdag er det «dagblues» på hotellet.

Av banda som står på scena denne helga er blant anna Twang Gang, Amund Maarud og T-bear & the dukes.