Forslag om leggje ned Tingretten i Vågå:

– Regjeringa ribbar distrikta

Likar ikkje: Vågåordførar Iselin Vistekleiven likar slett ikkje at det blir foreslått å leggje ned Nord Gudbrandsdal tingrett.  Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

– Nok ein gong ser ein sentraliseringstendensane frå den sitjande regjeringa, der dei ribbar distrikta for arbeidsplassar og kompetanse, seier ordførar og regionrådsleiar Iselin Vistekleiven i ein kommentar om forslaget om å leggje ned tingretten i Vågå.