Helstad og Hyrve skiftar beite

Ola Helstad, Lom og Inga Gudrun Hyrve, Skjåk, har stadfesta at dei tek imot stillingane som kommunedirektør og kommunalsjef i Sel kommune.

Ola Helstad og Inga Gudrun går frå leiande stillingar i Lom og Skjåk til Sel kommune frå nyttår.  Foto: Fjuken/arkiv

Nyheiter

Ola Helstad er i dag administrasjonssjef i Lom kommune. Inga Gudrun Hyrve har ei delt stilling som leiar for plan, miljø og beredskap i Skjåk kommune og planleggjar ved felles plankontor for Lom og Skjåk i Lom kommune.

– Sel kommune er svært tilfreds med at vi nå har fått tilsett kommunedirektør og kommunalsjef som fyller dei krava vi sette ved utlysing av stillingane, heiter det i ei pressemelding frå Sel kommune.

Helstad og Hyrve tek til i Sel kommune 2. januar 2020.