Sognefjellshytta blir omtala i ny arkitekturbok

Turistvegattraksjonar langs Nasjonal turistveg Sognefjellet blir presentert på bok- og kulturmesse i Frankfurt.

Sognefjellshytta: Nybygget som vart opna i september 2015 inneheld blant anna døgnope toalett som kan nyttast av reisande langs Nasjonal turistveg Sognefjellet. Arkitekt er Jensen og Skodvin Arkitektkontor.   Foto: Kjetil Rolseth

Nyheiter

I alt 19 turistvegattraksjonar blir omtala i den nye boka «Norway Architecture Guide» som blir presentert på den sotre bokmessa i Frankfurt i oktober.

To av desse er frå Nasjonal turistveg Sognefjellet; Nedre Oscarshaug og Sognefjellshytta.

Bokverket omhandlar 150 framståande norske arkitekturinstallasjonar frå 2000 - 2020, og kjem ut på både engelsk og russisk.

Praktboka er eit samarbeid mellom DOM forlagshus i Berlin, Noregs ambassade i Moskva og Innovatioen Norge.

Kapittelet om turistvegane sin arkitekttoniske landemerka er forfatta av Anna Martovitskaya, sjefredaktør for det russiske artitekturmagasinet «Speech».

Tidlegare i haust opna utstillinga «In Norwegian Landscapes. Hunting high an low» i Frankfurt. Denne skal stå på Deutsches Architekturmuseum fram til 19. januar.

Intensjonen er å vise utstillinga i Berlin, i tillegg til enda ein europeisk bt, før den returnerer til Oslo.