Åtvarar mot vanskelege køyreforhold på fjellovergangane

Statens vegvesen ber folk skifte til vinterdekk dersom dei skal køyre bil på fleire av fjellovergangane i haustferien.

Vanskelege køyreforhold: Statens vegvesen åtvarar mot at det kan bli vanskelege køpyreforhold på fjellovergangane. Dersom ein må køyre bil, er det vinterdekk som gjeld.   Foto: Arve Danielsen/arkiv

Nyheiter

Det er meldt til dels mykje nedbør frå måndag midt på dagen. Statens vegvesen er bekymra for at det kan bli svært vanskelege køyreforhold i fjellet.

Vintervêret i fjellet fortset tysdag. På Strynefjellet kan det komme opp mot 50 millimeter nedbør måndag og tysdag. Det betyr opp mot 50 centimeter snø.

På Sognefjellet er det meldt opp mot 30 millimeter nedbør. Nedbøren kjem saman med sterk vind.

– Det er fare for snø i fjellet over 500-600 meter. Difor er det viktig å følgje med på ver- og føremeldingar. Eg vil seie det så sterkt at folk bør la bilen stå i staden for å køyre fleire av fjellovergangane mellom aust og vest, seier seksjonsleiar Asbjørn Stensrud i Statens vegvesen, vegavdeling Oppland, i ei pressemelding.

Vegvesenet og entreprenørane som ryddar fjellovergangane følgjer situasjonen nøye.

– Dersom folk må køyre bil er det vinterdekk som gjeld. Sommardekk over 600-700 meter kan skape farlege situasjonar og kaos på fjellovergangane, seier Stensrud.

Han legg til at det kan bli aktuelt å stenge fjellovergangane dersom det blir uforsvarleg å halde oppe.