Vil få i gang att lomspringleiken

I 2021 skal Lom arrangere landskappleik. Da ynskjer Lom spel-og dansarlag å stille med dansarar att. Noko dei ikkje har klart på lenge. Med 23 deltakarar på springleikkurs sist helg, ser det lovande ut.

Springleik: Med over 20 deltakarar på springleikkurs, håpar Lom spel-og dansarlag at dei klarar å stille med dansarar når dei sjølve skal arrangere kappleik i 2021. Her er det Svein Garmo og Margrete Morken Bøye som svingar seg.   Foto: Kari Margot Odnes

Nyheiter

av Kari Margot Odnes