Retaksering av eigedomar i Vågå

Arbeidet med eigedomsskattetaksering av landbruk- og fritidseigedomar i Vågå er snart ferdig.

Eigedomsskatt: Torbjørn Bakken takkar for seg når arbeidet med taksering av eigedomar er over i haust. Saman med Anni Lillengen orienterte han om statusen for arbeidet.  Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

Det er ti år sidan sist at eigedomar i Vågå vart taksert for eigedomsskatt.

Prosjektleiar Anni Lillengen og Torbjørn Bakken, leiar av takstnemnda, orienterte formannskapet om statusen på arbeidet i siste møte.

Eigedomsskatten for bustadhus blir fastsett etter formueverdien, medan næring, landbruk- og fritidseigedomar blir taksert av nemnda.

Torbjørn Bakken sa at dei har justert opp kvadratmeterprisen på bustadhus med 60-70 prosent.

Det som opptek politikarane mest, er at regjeringa har sett ned maksimalsatsen til fem promille. Det er forslag om at denne skal ned til fire promille i 2021.

– Dette vil redusere handlingsrommet for kommunane, sa Anni Lillengen.

Det vil bli lagt opp til å informere innbyggjarane om eigedomsskatt og klagefrist i god tid før eigedomsskatten blir skrive ut den 1. mars 2020.

– Det har vore lite klager på eigedomsskatten, sa Torbjørn Bakken.