Per Hagen irriterer seg over nytt tomteprosjekt i Bismo:

– Dette er stuttenkt av Skjåk kommune

Per Hagen er næraste nabo til det nye tomtefeltet Skei 3 lengst vest i Bismo i Skjåk. At Skjåk kommune berre har kjøpt den nedre delen av arealet for tomteutbygging, tykkjer han er både irriterande og stuttenkt.

Stiller seg undrande: Per Hagen meiner det er stuttenkt av Skjåk kommune å ikkje ha kjøpt meir areal i samband med utbygginga av bustadtomtene i Skei 3 i Bismo.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

– Det irriterer meg at Skjåk kommune låser seg for framtida ved å ikkje kjøpe og planleggje tomter rett ovanfor der kommunen har kjøpt areal. Da hadde kommunen hatt heile lia til disposisjon, seier Per Hagen som har engasjert seg i utbygginga av det nye tomtefeltet Skei 3 i Bismo.