Ny teneste i Skjåk skal bli eit supplement til lærarane i friminutta:

Ynskjer å etablere «Skuleven»

– Oppgåva blir å vera til stades på skulen i friminutta for å observere elevane, og vera ein ekstra tryggleiksperson og eit supplement til lærarane.

Vil etablere Skuleven: Denne gjengen er svært positive til å etablere ei «skuleven»-teneste i Skjåk. F.v.: Jo-Andre Fjeld, Helene Rustad, Ola Aanstad, Marit Bruheim Kvåle, Elin Rø Krogstad, Eli Skjåk Teigum, Heidi Brujordet, Unnvald Bakke, Trude Teigen, Svein Olav Karlsen og Ingvar Lindstad.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

Det seier Elin Rø Krogstad i Skjåk eldreråd. Det er eldrerådet som har teke initiativ til å starte opp med tenesta «skuleven» på Skjåk barne- og ungdomsskule, mellom anna for å kunne vera med på å bidra til at det blir mindre mobbing og uro.