Inviterer til demodag av solcelleanlegget på Gjendesheim

Solcelleanlegget på Gjendesheim er eit pilotprosjekt frå DNT. Nå inviterer turistverten til demonstrasjondag på anlegget.

Solcelle: Marius Haugaløkken inviterer til demonstrasjon av anlegget på turisthytta.  Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

I fjor vart det montert solcellepanel på garasjen på Gjendesheim. Nå har solcelleanlegget runda sitt fyrste driftsår.

– Anlegget har produsert meir enn forventa. Anlegget produserer straum, sjølv på vinterstid og gråe dagar i fjellet. Dette er rein energi, seier turistvert Marius Haugaløkken.

Målet med solcelleanlegget var å redusere straumforbruket på turisthytta med 12 Gwh i året, og var også eit pilotprosjekt frå DNT for å sjå om ein kan erstatte solcelle med dieselaggregat på andre turisthytter i fjellet.

Fredag 27. september arrangerer Gjendesheim saman med leverandøren ein demonstrasjon av solcelleanlegget.

– Eg har prata med fleire lokale, både bedrifter og private, som vil vite meir om anlegget, seier Haugaløkken.

Han fortel at han har invitert folk frå reiselivet, landbruket, næringslivet og private til presentasjon og omvising i «solcellegarasjen».