Skjåk Almenning, Skjåk Trelast og Bygger’n investerer stort: Satsar 22 millionar på tre

– Mykje tydar på at tre er framtida når det gjeld fleire produkt.

Investeringar: Lars Øystein G. Plassen i Skjåk Trelast, Bjørn Lyngved på Bygger’n, og Jo Trygve Lyngved i Skjåk Almenning meiner verksemdene har investert for framtida.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

Det seier almenningsstyrar og dagleg leiar i Skjåk Almenning, Jo Trygve Lyngved. Almenninga eig 60 prosent av Skjåk Biovarme AS, som om kort tid køyrer i gang flisfyringsanlegget i Bismo. Dei resterande 40 prosenta er eigd av Lom Biovarme AS. Anlegget skal driftast av Skjåk Trelast AS, som mellom anna skal fylle på lokal flis og stå for ettersyn av anlegget som skal varme opp store delar av industriområdet og Skjåkheimen. Det er lagt til rette for at fleire kan kople seg på fjernvarmeanlegget i Bismo i framtida.