Ny sjølvbetjeningshytte i Glitterheim står klar for bruk

Da Glitterheim turisthytte stengde for sesongen sist helg, vart den nye sjølvbetjeningshytta opna for bruk.
Nyheiter

– Dei fyrste gjestane låg i den nye hytta natt til måndag, fortel Tone Vole, vertinne på Glitterheim i Veodalen.

Den gamle sjølvbetjeningshytta i Glitterheim hadde dårleg standard og for få sengeplassar for å møte den auka trafikken i fjellet.

Den nye sjølvbetjeningshytta har fått 20 sengeplassar, over dobbelt så mange som før.

Tone Vole fortel at hytta har fem rom med fire senger på kvar, kjøken og opphaldsrom.

Det er også tørkerom, do inne og eige rom for hundar med bur i.

– Det er eit stort framsteg for oss å få ny sjølvbetjeningshytte. Den er ljos og triveleg å by fram, seier Tone Vole.

Ho fortel at bygget har solcelle, og ladestasjon med USB-inngang for lading av GPS.

Hytta har også brannvarslingsanlegg.

Det er Brun Bygg AS som har bygd hytta. Bekken snekkerverkstad på Otta har levert innreiing som senger, bord og stolar.

Den nye hytta har DNT-standard når det gjeld proviant.

– Hytta har fire vedomnar og blir fort god og varm for dei som kjem hit vinterstid. Dette har vore etterlenga i mange år, seier Tone Vole.