Eira og Kristian tok imot Kronprinsparet

Mykje folk og blide ungar tok imot kronprinsesse Mette Marit og kronprins Haakon i Bismo.

Eira Grønlien og Kristian Bakken overrekte blomar til Kronprinsparet da dei kom til Bismo.  Foto: Hans Erik Kjosbakken

Nyheiter

Det var Eira Grønlien og Kristian Bakken som hadde fått kremjobben da Kronprinsparet kom frå den fyrste stoppestaden under onsdagens program i Skjåk, Ofossen mølle.

Utanfor skulen stod Eira og Kristian klare med blomar som dei på høveleg vis overrekte dei kongelege.

Programmet held fram onsdag efta i både Skjåk og Lom.

Fjuken kjem attende med meir frå det kongelege besøket.

Her er programmet for Kronprinsparets besøk i Ottadalen

Onsdag og torsdag skal kronprins Haakon og kronprinsesse Mette Marit «gjera Ottadalen».