Lomselevar tek eit tak for demensforeninga

Andre klasse ved den vidaregåande skulen i Lom skal snart gå med bøsser for Lom demensforening.

Bøsseberarar: Ta godt imot denne gjengen torsdag 19. september.   Foto: Privat foto

Nyheiter

Aksjonen skal gå føre seg torsdag 19. september.

– Vi er óg så heldige at vi har fått med oss ordførar Bjarne Eiolf Holø til å stå med bøsse på butikken ein dag. Vi er utruleg glade for å få hjelp med dette, seier Kristine Berg, leiar i Nasjonalforeningen Lom demensforening.

Ho fortel at pengane skal brukast til forsking.

– Men mykje kjem til gode i lokalsamfunnet óg. Vi har «demensvenleg samfunn» i Lom, som kursar tilsette i privat og offentleg servicenæring. Dersom alle kan litt meir om demens, vil kvardagen bli mykje enklare for alle som er ramma av denne sjukdomen. Vi har óg ei ordning med aktivitetsvener for personar med demens. Dette er friviljuge som gjer aktivitetar saman med ein som har demens, det kan vera å gå på kafè, gå ein tur eller berre møtast for ein prat. Elles har vi underhaldning og førelesingar knytt til demenssjukdom. Vi i demensforeninga ynskjer å gjera kvardagen så god som mogleg for personar med demenssjukdom og for folka dei har rundt seg, seier Kristine Berg.