Vistekleiven med i bispedømmerådet

Iselin Vistekleiven er valt inn og blir ein av ti representantar i Hamar bispedømeråd.

I bispedømmerådet Iselin Vistekleiven er valt inn som representant i Hamar bispedømmeråd.   Foto: Arve Danielsen/arkiv

Nyheiter

Det nye bispedømmerådet i Hamar, har 4 representantar frå Åpen folkekirke, 2 representantar frå Nominasjonskomiteens liste, og 1 representant frå Bønnelista.

I tillegg kjem ein representant for prestane, og ein representant for dei tilsatte.

Biskop Solveig Fiske er fast representant.

Iselin Vistekleiven frå Vågå er ein av representanane som stod på lista i kyrkjevalet om ein plass i bispedømmerådet. Ho stod på nominasjonskomiteens liste.

Valet til bispedømeråd vart godkjent i møte i valrådet for Hamar bispedøme fredag 13. september.

Iselin Vistekleiven er også valt inn i Vågå sokneråd.


Resultatet frå kyrkjevalet i Vågå

Dagens soknerådsleiar Erik Lillebråten er ein av seks personar som vart vald inn i som medlem i Vågå kyrkjeleg fellesråd/sokneråd under kyrkjevalet.