To fekk bøter da politiet sjekka sikring av ungar i bil

Da politiet sjekka sikring av ungar i bil i Lom, fekk to bilførarar bot for manglande sikring av ungar.

Kontroll: To bilførarar fekk bot etter at politiet sjekk om ungar i bilen var sikra på forsvarleg vis.   Foto: arkiv

Nyheiter

– Vi har fått meldingar om at ungar er for dårleg sikra når dei blir køyrt til og frå barnehagen, seier politioverbetjent Rolv Atle Mallaug.

Torsdag tok politiet oppstilling ved Loar barnehage i Lom for å kontrollere sikring av ungar i bil.

Han fortel at det vart kontrollert cirka 20 bilar og to bilførarar fekk forenkla førelegg for at ungar ikkje hadde nødvendig sikring.

Bota er på 2.300 kroner og to prikkar på førarkortet.

Mallaug fortel at politiet vil ha fokus på dette framover og kjem til å følgje opp med fleire kontrollar.

Du kan lese meir om sikring av ungar i bil på Trygg Trafikk.