Kronprinsparet opnar Galleri Ullinsvin:

Inviterer til stor folkefest

Torsdag 19. september kjem Kronprinsparet for å opne Galleri Ullinsvin. Dette er starten på ei fire dagar lang markering av fotograf Morten Krogvold sine 30 år i Vågå.

Galleriopning og jubileumshelg: Rådmann Jan Egil Fossmo, Tone Bakken i arrangementskomiteen, tenesteleiar for kultur Stein Holen, ordførar Iselin Vistekleiven og prosjektleiar Tora Sandbu håpar på mykje folk i Ullinsvin når Kronprinsparet kjem for å opne Galleri Ullinsvin og jubileumsutstillinga «Stille Lys» av fotograf Morten Krogvold.  Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

– Endeleg, vil mange seie når Galleri Ullinsvin offisielt blir opna denne dagen.