Harald Sve Bjørndal blir ny ordførar i Vågå

Bygdalista i Vågå gjorde eit godt val. Nå blir Harald Sve Bjørndal historisk ved å bli partiet sin fyrste ordførar.

Blir ordførar: Harald Sve Bjørndal blir Vågås nye ordførar etter at Bygdalista og Arbeidarpartiet er samde om eit valteknisk samarbarbeid.   Foto: Arve Danielsen/arkiv

Nyheiter

Bygdalista for tverrpolitisk samarbeid i Vågå og Vågå Arbeiderpartiet er samde om eit valteknisk samarbeid for kommunestyreperioda 2019 - 2023.

Det kjem fram i ei pressemelding.

Det valgtekniske samarbeidet handlar om fordeling av verv; ordførar, varaordførar, formannskap, hovudutvalg og fjellstyre.

Harald Sve Bjørndal frå BL blir ordførar og Live Langøygard frå AP blir varaordførar.

Båe partia har samrøystes vedteke  dette på sine medlemsmøte i dag.