Leiar i Ambulanseforbundet i Delta:

Har køyrt 16.000 kilometer for betre responstid

Leiar i Ambulanseforbundet i Delta, skjåkværen Ola Yttre, avslutta torsdag kveld ein nær 16.000 kilometer lang tur for å få lovfesta responstid i ambulansetenesta.
Nyheiter

Ola Yttre har køyrt frå Kautokeino i nord til Kristiansand i sør for å setja kravet om lovfesting av responstid på dagsorden. Turneen har han og Delta gjennomført i samarbeid med LHL.