Val 2019:

Marit og Kristen meir populære enn ordførarkandidatane

Dersom personstemmer og slengarar hadde vore utlagsgivande, hadde det vorte unge ordførarar i Lom og Skjåk.

Unge valvinnarar: Marit Sletten og Kristen Haugen Dagsgard fekk flest personstemmer og slengarar i Lom og Skjåk.  Foto: Vigdis Kroken og Hans Erik Kjosbakken

Nyheiter

Marit Sletten (27), Sps komande varaordførar i Lom, fekk 71 personstemmer og 35 slengarar. Det er høvesvis 16 og 31 fleire enn partiets ordførarkandidat, sitjande ordførar Bjarne Eilof Holø.