Inviterer til jubileumsfest på Klones

I år er det 100 år sidan Klones jordbruks- og husmorskule vart starta. Laurdag 21. september blir det jubileumsfest.

Jubileum: Liv Ulsanden venter mange tidlegare elevar frå heile dalen til jubileumsfesten på Klones neste helg.   Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

– Klones har betydd mykje for bygda, elevar og dei som har arbeidd her, seier Liv Ulsanden i Klones AS.

Ho har teke initiativ til ein jubileumsfest, der tidlegare elevar, lærarar og andre tilsette er inviterte.

– Dette kan vere eit fint høve til å treffe att tidlegare klassekameratar og kollegar, seier ho.

Kor mange som har gått på Klones i løpet av desse åra, har ikkje Ulsanden tal på.

– Det er mange. Klones betyr noko spesielt for fleire av dei som har gått her, seier ho.

Gamle skriv og bilde frå Klones er arkivert på Lillehammer.

Ulsanden håpar å få kopi av klassebilda for å henge opp på Klones.

Jubileumsfesten blir ein mimrekveld med god mat og dans. Og det blir høve til å sjå seg rundt i hovudbygget og internata.

Ulsanden fortel at mange har meldt seg på jubileumsfesten, men at det er plass til fleire.

For langvegsfarande er det høve til å overnatte. Det gamle «jenteinternatet» er i dag brukt som overnattingsrom på Klones.