Ingen sjuke hundar i Lom

Det har ikkje vore behandla hundar i Lom med symptoma som «herjar» i Oslo-området.

Ingen hjå Logre: Arne Kolden fortel at det ikkje er lokale hundar med «hundesjuka».  Foto: Hans Erik Kjosbakken

Nyheiter

Veterinær Arne Kolden hjå Logre veterinærklinikk kan likevel fortelja at dei har varsla om eitt tilfelle i juli der ein hund hadde symptom som blodig diare og oppkast.

– Dette var ein hund som døydde på tur til oss. Den var henvist frå ein kollega i Nord-Gudbrandsdalen og var heimehøyrande i Oslo, fortel Kolden.

Det er ikkje rapportert om lokale tilfelle, og Kolden vil ikkje at hundeeigarar skal bli skremte.

Veterinærinstituttet arbeider intenst med å finne ut om det er nokon årsakssamanheng mellom dødsfalla, men utelukkar stadig nye teoriar.

Les meir på Veterinærinstituttets heimeside.