Tellefeil i Lom:

Kan bli endringar i mandatfordelinga

Nyheiter

I Lom vart det gjort feil ved teljinga av stemmene til Bygdalista og Lomslista.

Administrasjonssjef Ola Helstad fortalde seint måndag kveld at det hadde vore ein feil under teljinga av stemmene til Bygdalista og Lomslista.

Det er registrert 50 stemmer for mykje på Lomslista, og tilsvarande 50 stemmer for lite på Bygdalista.

– Dette kan påverke utfallet av valet?

– Det kan det, for dei to aktuelle listene, seier Helstad.

Denne feilen har ikkje innverknad på Senterpartiet eller Arbeiderpartiet si sine stemmer og resultat.

Det vil seia at mandatfordelinga mellom Lomslista og Bygdalista ikkje er klar.

Det førebelse resultatet gjev Lomslista fire representantar og Bygdalista to representantar.

Dette er den korrigerte oppteljinga av stemmene i Lom:

AP:         245 røyster

LL:          253 røyster

SP:         463 røyster

BL:          171 røyster

Blanke: 19

Det endelege resultatet vil vera klart i ettermiddag.