Anne vart kretsmeister

15 år gamle Anne Sæther fra Skjåk Hestlag og Stav Kjøre- og rideklubb, gjekk til topps i klassa si under KM for Buskerud og Oppland Rytterkretser.

Kretsmeister: 15 år gamle Anne Sæther frå Skjåk vart sundag kretsmeister på Stav.  Foto: Terje Lisødegård

Nyheiter

av Terje Lisødegård

– Eg er kjempernøgd og veldig glad, seier 15-åringen, som er nokså fersk som ryttar på hest. Ho har delteke i berre tre stemne tidligare, men leverte absolutt sitt beste på Stav sundag.

Anne har ponnien Glenlough Millie, ei 13 år gammel hoppe som tilhøyrer faren Hans Sæther. Anne vann klart juniorklassa.

Anne vart også nummer to i Knøttecupen for ponni.

Meisterskapet var krevjande både for rytter og hest; dressur i hall, sprang på grusbane og feltritt med innlagte hinder som kravde sitt.

Hinder: Anne og hesten Glenlough Millie måtte mellom anna gjennom ei krevjande hinderløype.  Foto: Terje Lisødegård