– Eg veit ikkje kor mange som kjem, men eg har nok koppar, nok kaffe og mykje kaker, seier Kari Hølmo Holen.
I år som for fire år sidan, har Vågå SP valvake heime hjå Kari i Holungsøyom.
Leiaren av Vågå SP tykkjer det er triveleg å få partifeller på besøk valkvelden.
– Eg har både radio og fjernsyn, så vi kan følgje med på valsendingane, seier ho.
– Spennande?
– Val er val, seier Kari med eit smil.
Både sundag og i dag har ho vore med som valfunksjonær på kommunehuset.
– Oss avdanka politikarar blir brukt til slikt, seier ho.
Også dei andre partia i Vågå er samla til valvake denne kvelden.
Arbeidarpartiet har valvake på Vågå Hotel, Bygdalista på Bokhandel' kafé og SV arrangerer ope stemmemøte på Frivilligsentralen - uansett partifarge.