Val 2019:

50 stemmer registrert feil i Lom - resultatet kan bli endra

Lom kommune med melding på Facebook seint måndag kveld.
Nyheiter

– Tellekorpset i Lom kommune ynskjer å informera om at det ved førebels registrering av stemmer ved kommunestyrevalet har blitt oppdaga 50 - femti - stemmer som er blitt registrerte på feil parti. Partia som dette utgjer endringar for, er Bygdalista og Lomslista. Det blir i skrivande stund arbeidd med oppdatert telling og kontrolltelling. Tellekorpset finn avviket så stort at det er viktig å kunne gå ut med denne informasjonen så fort som råd er. Med atterhald om endeleg registrering, heiter det i pressemeldinga frå Lom kommune.

Administrasjonssjef Ola Helstad kan fortelja at det er registrert 50 stemmer for mykje på Lomslista, og tilsvarande 50 stemmer for lite på Bygdalista.

– Dette kan påverke utfallet av valet?

– Det kan det, for dei to aktuelle listene, seier Helstad.

Denne feilen har ikkje innverknad på Senterpartiet eller Arbeiderpartiet si sine stemmer og resultat