Skal omorganiserast til konsern:

Eidefoss får fem dotterselskap

Kraftselskapet Eidefoss vil frå nyttår 2020 bli konsern. Dette skjer som ein konsekvens av endring i energilovforskrifta.

Blir konsern: Ved nyttår blir Eidefoss eit konsern med eit morselskap og fem dottterselskap. – Nettselskapet skal skiljast ut frå resten av det vi driv med, og vil få eige styre og dagleg leiing, seier Hans Kolden, administrerande direktør i Eidefoss AS.  Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

– Vi har i dag ein organisasjon som er rasjonell og som fungerer godt. Nå må vi innordne oss etter den lovpålagte endringa, seier Hans Kolden, administrerande direktør i Eidefoss AS.