Valkampinnspurt med toppkandidatane i panelet: Godt debattklima i Vågå

Det var ein ryddig og sakleg paneldebatt i kulturhuset. Politikarane er samde om mykje, og kva som skal avgjera valet i Vågå, er eit ope spørsmål.

Raudt og grønt: Flyplass var eitt av fleire spørsmål politikarane måtte ta stilling til. Frå venstre sit Svein Holen og Torunn Elise Kveen frå SV, Gjermund Øihusom og Live Langøygard frå Ap, Mette Vårdal og Anders Gustav Bjørnsen frå Sp, Karola Wenzel og Harald Sve Bjørndal frå Bygdalista. Ordførarkandidatane og listekandidatane var samde om mykje, sjølv om ein her flaggar delt syn. 

Nyheiter

Etter at ein kan ha fått inntrykk av at valkampen i Vågå var i ferd med å ta fyr, var det knytt spenning til korleis det opne møtet i Kulturhuset ville bli under valdebatten tysdag kveld.