Vil ha 60 tonn på rv 15

Leiar i Lom Arbeiderparti, Bjørn Ola Aukrust har, i samarbeid med næringsaktørar i Lom og Skjåk, søkt om løyve til å køyre vogntog med totalvekt 60 tonn på rv 15.

Tunge: Lom Ap vil opne for at ein kan køyre vongtog på inntil 60 tonn på rv 15. Vegen er ikkje dimensjonert for det, og det er Vegdirektoratet som skal behandle søknaden frå Lom Ap.   Foto: Illustrasjonsfoto

Nyheiter

– Det var yrkessjåføren Magne Høiberg som gjorde meg merksam på denne problematikken, seier Aukrust. Ved å få køyre med ei totalvekt på 60 tonn vil ein få mindre tungtransport og transportørar og næringsliv vil konkurrere på lik line med andre. Dessutan har tømmertransporten hatt dispensasjon til å køyre med ei totalvekt på 60 tonn og 24 meters lengd, seier Aukrust.