MEINING:

Næringsfond og kommuneøkonomi

Nyheiter

av Edel Kveen, ordførarkandidat Skjåk Senterparti

Skjåk Senterparti prioriterer flomsikring og renovering av Skjåkhallen i sitt valprogram. Dei prioriteringane vi hadde for investering i førre program har vi stått for, og fått gjennomført. Skjåkhallen er delt inn i tre byggjesteg, byggjesteg 1 er kostnadsrekna til 25 388 131 kr inkludert spelemidler.

Dei fleste investeringene både med låneopptak og bruk av disposisjonsfond har vore samrøystes. Skjåk kommunestyre har 21 representantar, 5 stemte mot bygging av 1-10 skule, elles har det vore samrøystes. Disposisjonsfondet har vore nytta til gode, samfunnsnyttige formål, desse har òg i stor grad vore samrøystes.

Skulen har teke eit kutt på 6 årsverk, det er kutta i administrasjonen ved at det ikkje har vore tilsett etter naturleg avgang. Elles har dei fleste sektorane redusert ved fleire høve.  Avdelingar har såleis vore utsett for mindre ressursar og stort arbeidspress på den enkelte. Alle kommuner har fått nye lovpålagte oppgåver utan at desse er fullfinansierte. Kvar stilling blir vurdert før utlysing.

Det har vore usemje om bruk av Næringsfondet og driftsutgifter, men det har ikkje kome forslag om kvar større kutt skal takast frå. Det som blir brukt til drift av Næringsfondet går indirekte til næring via landbrukskontoret, reiseliv og regionråd. Regionkontoret har hatt, og har fleire ulike tiltak for næringslivet.

 Denne perioda har alle som har søkt næringsstøtte og etableringsstøtte i Skjåk, fått støtte dersom dei fyller kriteria til Næringsfondet. Vi har eit godt etablert næringsliv og mange nye, spennande etableringer i Skjåk.

Skjåk kommune har enkelte tiltak som gjev utslag på høge driftsutgifter. Ei av desse er Helsestasjonen med satsing på psykisk helse blant barn og ungdom. Dette ser vi som eit svært viktig område, mykje av dei ekstra utgiftene blir dekt via eksterne prosjektmidler. Eksterne prosjektmidler krev at kommunen prioriterer eigne ressursar i tillegg til eksterne. Psykisk helse er eit viktig satsingsområde.

På dialogmøte i juni informerte administrasjonen om ulike utfordringar framover; nye kommunale oppgåver, flomskader og demografiutvikling er blant desse. Samstundes fortel dei at Skjåk kommune har god likviditet. Frå Statistisk sentralbyrå kan vi sjå at Skjåk har folketalsauke, det er positivt. Politikk er prioriteringar. Vi har ei solid kommune, la oss satse vidare på det positive, og dei ressursane vi har.  Bruk stemmeretten!