MEINING:

Vågå AP vil ikkje privatisere kommunale vegar, men dette har de allereie gjort...

Nyheiter

av Ørjan Venås, leiar i veglaget Gamle Rustvegen

I det siste har det dukka opp lappar i postkassene til folk, der Vågå AP garanterar for at dei ikkje skal privatisere vegar i Vågå. Dette har i tillegg komme i fleire lesarinnlegg i ulike medier, der Vågå AP var mot privatisering av kommunale vegar.Dei vil også ta opp private vegar som kommunale, bla foreslo dei å ta inn Øverbygdsvegen som kommunal veg 13/6-2017.

Leiar Geir Stadeløkken skriv "Vågå Ap er mot privatisering av kommunale vegar". Kommunestyregruppa skriv: "Vi trur ikkje at privatisering av veg er vegen å gå, og vil stå på for å få stoppa dette hasardiøse forslaget." Årsmøtet skriv: "Det er ikkje rett at du som innbygjar i Vågå kommune skal måtte ta over vegen og få ansvar for at denne er farbar til einkvar tid".

I 2011 satt Ap med reint FLEIRTAL i kommunestyret, og dere valgte då å privatisere Gamle Rustvegen i Holungsøyom. Argumentet var at det vart for dyrt for kommunen å eige denne vegen og det kunne ikkje være ei kommunal oppgåve å drifte denne. 

Holungsøyom er ei levande grend med ein veg der det kjører heimeteneste, tankbil og postbil dagleg, det bur skule- og barnehageungar langs vegen og fleire yngre har busett seg i grenda. Naudetatane har vi og hatt på besøk her i grenda, bla i forbindelse med flaumane siste åra. Vegen vår har og fungert som alternativ veg, bla då nyvegen reiste i flaumen i 2011.

Så vidt eg kjenner til så står Arbeiderpartiet for likhet og rettferdighet, men eg kjenner ikkje meg heitl att i dette når det gjeld private/kommunale vegar i Vågå.

Kan Vågå AP forklare meg kvifor dere privatiserte Gamle Rustvegen i 2011? Kvifor dere nå har snudd totalt i denne saken, og kor har dere henta økonomi i budsjettet til dette?