MEINING:

Framtidstru i lag med vagvèrane

Nyheiter

av Live Langøygard, ordførarkandidat Vågå arbeiderparti

Høgreregjeringa forverrar forhalda for kommunane ved å stramme inn og kutte i overføringane.

Regjeringa har bestemt at frå 2021 skal overføringane til frivilligsentralane skjèrast kraftig ned og fordelast etter innbyggjartal. For Vågå sin del vil dette bety 286.000 kroner mindre overført pr. år, til «skarve» 128.000 kroner. Det vil gå ut over det frivillige arbeidet i bygda, all den gode frivilligheita som er koordinert gjennom kommunal frivilligsentral. Dei frivillige kjører ut tusenvis med middagar i året, likeeins bøtter med strøsand til vinteren, dei syng, dansar, går turar – aktivitetar av mange slag som sprer mykje glede til brukarane av tenestane. Likevel konkurrerer ikkje Frivilligsentralen med kommersielle aktørar, han er eit supplement.

Det siste frå regjeringa er kutt i eigedomsskatten. I statsbudsjettet for neste år vil dei redusere eigedomsskatten ned til 4 promille frå 2021. Dette vil føre til velferdskutt i kommunen vår. Å få slike meldingar ei veke før kommunevalget er ikkje anna enn uhøyrt og tener ikkje til anna enn å ta fokuset bort frå lokale saker.

Arbeiderpartiet skal vere ei sterk og klår stemme mot konservative krefter lokalt og nasjonalt. Vågå Ap har i alle år levert til formannskapet budsjettforslag i balanse og innan fristen for høyring ut til innbyggjarane. Vi har tradisjon for å arbeide slik og veit at veljarane legg merke til det. Vi legg ikkje opp til uforsvarleg pengebruk, vi har snarare auka disposisjonsfondet dei siste seks åra slik at vi har pengar «på bok» til tronge tider og prioriterer å bruke midlane til fortsatt å levere gode tenester til vagvèrane.

Godt valg!