Kva skjer i Blåbærmyra?

– Det skal ikkje sjå slik ut!

Haug på haug: Slik ser det ut i bustadfeltet Blåbærmyra i Bismo. Haugar med matjord, stein, skiferheller og gamal plen ligg langs vegen nedst i bustadfeltet. Kva skjer vidare?  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

Det seier ordførar Elias Sperstad. Bustadfeltet Blåbærmyra i Bismo i Skjåk vart hardt råka under flommen i oktober. I mars i år vedtok kommunestyret i Skjåk å etablere eit mellombels massedeponi med masse frå elva Skjøle, nedst i Blåbærmyra. Dette skulle også fungere som ein mellombels flomvoll i bustadfeltet.