30 kom for å hjelpe til:

Dugnadsånda står ved lag i Skjåk

Gardbrukar Vidar Vange er overvelda og rørt over hjelpa han har fått i samband med bygginga av nytt fjøs på garden. Førre veke stilte bortimot 30 personar på dugnad.

Dugnad: Måling og montering av innreiing og anna utstyr var noko av det som vart gjort på dugnad i nyfjøset til gardbrukar Vidar Vange i Skjåk førre veke. 

Nyheiter

– Eg visste at vi kom til å bli ein del folk i dag, for denne dugnadsdagen her har vore bestemt lenge, men at vi skulle bli så mange er heilt utruleg, seier ein tydeleg rørt Vidar Vange når Fjuken - etter å ha fått eit tips om dugnaden - stikk innom garden på Ramstadstrond fredag i førre veke.