Madde har fått seg ny lomvær

Lomværen Hans Andreas Solbakken blir Madeleine Cederstrøms nye makker i distriktssendinga på NRK.

Madde har fått ny parhest frå Lom: «Hansen»  Foto: NRK

Nyheiter

Kanskje er det saknet etter Reidar Kjæstad som vart for stort? Uansett nå blir det eit nytt radarpar av Hans Andreas og Madde.

Cederstrøm har i ei årrekke arbeidd i NRK Hedmark og Oppland, medan Solbakken fekk fast jobb i fjor haust. Tidlegare har han vore innom NRK Sport.

- Eg har jobba med alle plattformar sidan eg kom til NRK Hedmark og Oppland i september i fjor, og det har vore heilt ypparleg. Men nå blir det heilt rått å få jobbe enda meir med radio saman med Madde, seier Hans Andreas som gler seg til å produsere radio kvar veke.

- Det å bli makkeren til Madde er så artig. Vi er litt gale båe to, så eg har trua på at det blir ein fin match.

- Når verdas beste lomvær, Reidar Kjæstad, bestemte seg for å gå sin eigen veg, så var det sjølvsagt veldig fint å få ein annan lomvær som fast følge! Hans er litt yngre, litt meir «gæren» og ustyrleg, men med tida skal eg nok få has på Hans! I tillegg er han jælma triveleg, frykteleg kunnskapsrik og eit herleg og varmt menneske. Eg gler meg! seier Madde.

- Eg gler meg voldsomt til å få jobbe saman med ei som har så mykje erfaring som Madde. Det er eit privilegium å kunne gle seg på kvar einaste arbeidsdag, supplerer Hans.

Den 1. september skiftar distrikskontoret namn til NRK Innlandet.

Hans og Madde har tydelegvis funne tonen.  Foto: NRK