Tor Gaute Jøingsli: – Ein femteplass heng høgt

Tor Gaute Jøingsli greidde ikkje å forsvare kongetittelen, men er likevel strålande nøgd med eige resultat på Landsskyttarstemnet. Skjåkværen enda på ein femteplass samanlagt.

Femteplass: Tor Gaute Jøingsli frå Skjåk gjorde det bra på Landsskyttarstemnet i Evje. Blant til saman 1.412 klasseskyttarar vart han nummer fem.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

– Eg er kjempetilfreds! Når det gjeld den innleiande skytinga mi er dette noko av det beste eg har skote i år. Eg tykkjer eg hadde god kontroll på det meste, seier Tor Gaute Jøingsli, som nå er heime att frå Landsskyttarstemnet i Evje.