Sykkelmysteriet i Lom:

Politiet trur dei veit kven eigaren er

Vidare leiting er innstilt.

Eigaren av denne sykkelen er mest truleg i live, men ynskte kanskje å sjå meir av Noreg til fots og i bil.  Foto: Hans Erik Kjosbakken

Nyheiter

– Vi trur vi veit kven eigaren av sykkelen er, og han er ikkje lenger å rekne som sakna, seier politibetjent Kristian de Presno ved lensmannskontoret i Lom. Han er i live.

Politiet fekk i går kveld tips om ein haikar som fekk skyss til Åndalsnes. Det er mykje truleg hald i dette tipset - og at han dermed lever i beste velgåande.

– Det kan verke som om han berre ville ta seg ein tur utan sykkel. Vi arbeider nå med å få kontakt med han for å høyre om han vil ha attende sykkelen sin, seier de Presno.

Det er dermed ikkje tale om noko vidare søk etter sakna person i Lom.


Kvar er syklisten?

Leiteaksjon igangsett i Lom

Det blir sett i gang leiting etter det som truleg er ein russer, etter at sykkelen har stått urørt ved riksveg 15 i Vikedalom sidan førre veke.



Sykkelmysteriet i Lom:

Haika til Åndalsnes eller utsett for ulykke?

Leitemannskap frå hjelpekorpsa i heile Nord-Gudbrandsdalen har onsdag efta og kveld leita etter ein forsvunnen syklist i Lom.