Førehandsrøystinga i gang

Måndag opna førehandsrøystinga til kommunestyre- og fylkestingsvalet.

Førehandsrøystinga er i gang.  Foto: Fjuken/arkiv

Nyheiter

Førehandsrøystinga varar til og med 6. september. Valdagen er måndag 9. september.

Under førehandsrøystinga kan ein stemme kvar som helst, ikkje berre i kommunen der ein er folkeregistrert. På valdagen 9. september må ein stemme i kommunen ein er manntalsført i, altså der ein var registrert som busett 30. juni i år.

Førehandsrøystinga skjer i kommunehusa i ottadalskommunane.