Arrangementsstøtte til Traktorrock og elleve andre

Helgas Traktorrock er eitt av tolv arrangement som har fått arrangementsstøtte frå Vågå kommune.

Arrangementsstøtte: Traktorrock er eitt av tolv arrangement som ha fått arrangementsstøtte frå Vågå kommune.   Foto: Arve Danielsen/arkiv

Nyheiter

Målsettinga med «Vågå som arrangementsbygd» er å byggje opp under og stimulere til arrangement og aktivitetar i Vågå kommune.

Alle lag, organisasjonar eller enkeltpersonar i Vågå kommune kan søkje om tilskot til gjennomføring av arrangement som er ope for alle, og som er offentleggjort gjennom presse eller andre informasjonskanalar. Arrangementet skal ha ei allmenn eller ideell målsetjing.

Det er eit krav at arrangementet skal ha lokal interesse og verdi og gjennomførast i Vågå kommune.

Midlar til arrangementstøtte for 2019 er på 400.000 kroner. Etter søknad har Vågå kommune løyvd 268.000 kroner som er fordelt slik:

- Støtte til opning av rulleskianlegg på Lalm; 7.000 kroner.

- Randsverk Marknad 2019; 7.000 kroner.

- Vågå konsertserie 2019; 35.000 kroner.

- Diktardagar 2019; 20.000 kroner.

- Landskappleiken – Vågåkvelden; 40.000 kroner.

- Lalmsdagen 2019; 7.000 kroner.

- Vågå Trekkspelklubb – Trekkspeltreffen 2019; 25.000 kroner.

- Traktor-rock 2019; 30.000 kroner.

- FolkRekrutt 2019; 7.000 kroner.

- Krogvold-jubileum - 30 år i Vågå; 30.000 kroner.

- Opning av «Galleri Ullinsvin»; 30.000 kroner.

- Håndverk+ 2019; 30.000 kroner.