Skjåk Ap vil arbeide for at kommunen skal bli den fyrste i Oppland som kan tilby fiber til alle fastbuande

– Målsetjinga vår er at samtlege fastbuande i Skjåk skal ha fått høghastigheits fiber innan utgangen av 2021.

Fiber til alle: Nils Henry Fosstuen og Stig Erlend Banken i Skjåk Ap lovar at alle fastbuande i Skjåk har fått fiber innan utgangen av 2021, om Skjåk Ap får styre etter valet i september.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

Det seier ordførarkandidat for Skjåk Ap, Stig Erlend Banken. Han fortel at denne målsetjinga vil bli høgt prioritert om Skjåk Ap vinn valet i haust.