Dølane stiller mannsterke i Kinsarvik

Landsfestivalen i gammaldansmusikk er i full gang. Gudbrandsdølane stiller som vanleg sterkt.

Samspel: Hanne Kari, Ragnhild og Ola med etternamna Bakke, Jøndal Bjertnæs og Nesset stiller i samspel senior. Ragnhild og Ola stiller også i klasse durspel senior.  Foto: Arve Danielsen/arkiv

Nyheiter

Det er Hardanger spelemannslag som er årets arrangør av Landsfestivalen i gammaldansmusikk som går av stabelen i Kinsarvik.

På festivalen er det 170 startnummer fordelt på 935 deltakingar. 625 unike deltakarar skal delta, noko som er tilsvarande som deltakinga i Skjåk i 2018.

Tevlingane pardans senior og gruppespel har flest startnummer, medan durspel senior er den største soloklassen med 23 deltakarar.

For første gong på mange år er det også påmeldt deltakarar i pardans junior. Her stiller Ragnhild Grøna frå Lom saman md Aleksander Ødegård frå Vågå.

Startlistene og meir om Landsfestivalen kan du lese her.