Meining: Veterinærvakt

Veterinærvakt: Senterpartilaga i Nord-Gudbrandsdalen meiner at ein må arbeide for at ordninga blir finansiert etter husdyrtal, og ikkje etter innbyggjartal.   Foto: Arve Danielsen/arkiv

Nyheiter

Av Senterpartilaga i Nord Gudbrandsdalen

Dyrevelferdloven § 3a slår fast at det er kommunen sitt ansvar å sørge for tilfredsstillande tilgang til tenester frå dyrehelsepersonell og organisering av klinisk veterinærvakt utanom ordinær arbeidstid.  Dette er finansiert med øyremerka tilskot til vaktområda på om lag 135 millioner kroner totalt i 2019, fordelt etter behov; geografisk og landbruksmessig.

Frå 2020 vil Regjeringa at dette skal med i rametilskotet, og bli fordelt til kvar enkelt kommune. Eit av forslaga er å fordele tilskotet ut frå innbyggjartal. Veterninærvakt ut frå innbyggjartal!? Endeleg fordeling vil koma i Statsbudsjettet for 2020.

Dersom finansiering av veterinærvakt vert fordelt etter innbyggjartal vil det få store konsekvenser for mange landbrukskommuner.

I dag er Nord Gudbrandsdalen delt opp i tre veterinærvaktområder; Lesja og Dovre, Sel og Vågå, Lom og Skjåk. Dette er store geografiske områder med betydeleg husdyrtal. For 2019 har kvar av desse vaktområda same tilskot som vaktområde «Nye Stor–Oslo» (Bærum, Asker, Rælingen, Lørenskog, Skedsmo, Nittedal, Oslo), tilskotet er 849 316 for kvart av desse områda. 

Dersom det øyremerka tilskotet blir rametilskot med innbyggjartal som grunnlag blir finansieringa vesentleg endra, Nord Gudbrandsdalen vil få 2 072 824 kroner mindre til veterinærvakt enn etter dagens løysing, vaktområde Nye Stor-Oslo vil få 24 648 460 kroner meire enn ved dagens ordning (tal er henta frå Stortinget). Skulle vi snu på det og ha leger etter dyretal også? Da ville vi få god legedekning i Nord-Gudbrandsdalen.

Veterinærvakt er ein nødvendig ressurs for landbruket, vi må arbeide for at ordninga blir finansiert etter husdyrtal, og ikkje etter innbyggjartal. Vi ynskjer god dyrevelferd, veterinærvakta er ein viktig faktor som vi må ta vare på i heile landet, ikkje la dette bli nok eit sentraliseringsgrep.